Songdanser

BUKKEVISA

1) Og bukken var brokut og bukken var svart.
Og bukken var brokut og bukken var svart.
Og bukken vart borte på ei laurdagsnatt,
Kille bukken min, ser du geita?
 

2) Den lange han leidde, og den stutte jaga på,
den lange han leidde, og den stutte jaga på,
så må du fulla tru at den bukken laut gå.
Kille bukken min, ser du geita?
 

3) Dei toko den bukken og la han på ein krakk.
Dei toko den bukken og la han på ein krakk.
Den lange han heldt, og den stutte han stakk.
Kille bukken min, ser du geita?
 

4) Og nordafor garden der renn(er) det ei å,
og nordafor garden der renn(er) det ei å,
der skola dei tarman' både store og små.
Kille bukken min, ser du geita?
 

5) Og skinnet det hengde dei attom ei dør.
Og skinnet det hengde dei attom ei dør.
Der ha' det fulla hange eit kinn ell' noko før.
Kille bukken min, ser du geita?

6) Og kjerringa på sætra ho koka seg kål.
Og kjerringa på sætra ho koka seg kål.
Ho gjord' bornom sine bitar av eit bukkelår.
Kille bukken min, ser du geita?

7) Og ned(a)for ein bakke og opp(a)for ein dal,
og ned(a)for ein bakke og opp(a)for ein dal.
Der budde dei karane som bukken stal.
Kille bukken min, ser du geita?

 

EG TENKJER SÅ TITT PÅ MIN BRULLPSDAG

1. Eg tenkjer så titt på min brullupsdag
tra di ra di rullan dei
om den skal bli på ein uværsdag
tra di ra di rullan dei

 

..tra di rullan dei, tra di rullan dei
tra di ra di ra di ra di rullan dei
tra di rullan dei, tra di rullan dei
tra di ra di rullan dei

2. Ka ska eg seie når presten spør
om eg har hatt nokon kjæraste før

3. Då skal eg seie som sannheten er
at eg har elsket nokon og ein hver

ER DU SKREDDAR?

//Er du skreddar har du legger kan du danse masurka?//
//Tra la la la, Tra la la la, Tra la la la la la la la la la//

FLAUMEN GÅR

1) Flaumen går, i Noreg er vår,
bjørka sprett i dalom.
Døla kar traust og hard
rydjer fedra-gard.
Sjå kor det ljosnar i alle lidom,
skrida fer etter berge-sidom.
Flaumen går,
i Noreg er vår,
og dølan er det som rår

2) Frå fjellet rinn ein bekk så linn
mellom stuv og steinar.
Av bekkjer små det det vert ei å,
fagrast du skal sjå.
Høyr kor det i vatnet susar,
høyr kor det i fossen brusar.
Flaumen går,
i Noreg er vår,
og dølan er det som rår

3) Lita å kan du forstå
kor ho fekk slikt mæle?
Bekk som rann, er vaksen mann.
Stans han om du kan.
Ingen mann kan straumen vende.
Tømmer og hus det set han på ende.
Flaumen går,
i Noreg er vår,
og dølan er det som rår

 

HANS OG HÅNÅN

 

1) Det var ein kar inni Sorperon
(ein liten repp uppi nordre Fron),
og denne karen var kåt i dans
og lett og lentaug og heitte Hans.

4) Men Hesthaug-råket er stygt og bratt,
og vil du meine: 'n Hans han glatt!
og kanta gjord'n tull i tull
det minna reint om ein åkerrull!

 

2) Og Hans var husmann åt garden Lo,
og stugu ha'n, men itte do,
og ku på setern og kælv og steill,
så skull'n ditopp ein
laurdagskvell
.

 

5) Og hånån, stakkar, da spente ti,
'n sleit og baska og kom seg fri!
Så fauk'n ut over kvist og grån
og skreik og kåvå. Var stusleg sjå'n.

 

3) Men vil du tru at han Hans han ha'
ein hånåkjukling som gol så bra.
Så tok'n hånån og rusla åt, -
på setern skull' dem få høre låt!

 

6) 'n Hans vart liggjand' i brask og kvist,
og pene bønne' det bad'n visst!
For hånån reiste, og borte va'n.
Det var nå heitaste svarte! sa'n.

 

7) Men stelle der som døm skjølde lag
er Hånåhoppet den dag i dag,
og derfor si døm nå au på Fron:
Det flakse fugle frå Sorperon!

 

8) Men stelle der som døm skjølde lag
er Hånåhoppet den dag i dag,
og derfor si døm nå au på Fron:
Det flakse fugle frå Sorperon!

 

HEI HUSKOM I HEI

1) Hei huskom i hei! sa hallingen.
Eg ruggar meg sjøl i kveldingen
med harar og tong! sa moingen.
Kok velling på graut! sa sigdølingen.
Så smakar eg med! sa kryllingen
.

2) Kor var du i natt? sa jonsingen.
Av kjøpte meg ein katt, sa tentingen.
Ka ville du med den? sa jonsingen
Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen.
Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen.

3) Koss lever han Jo med båten si?
Han ligg utpå havet og fiskar sild,
og får 'an kje sild, så et han kling.
Å silda var sur, sa hallingen.
Å du talar som ein tjuv, sa nordingen.

4) Flink kjering hev eg, sa Husåsen.
Tvo slike hev eg, sa Luråsen.
Hot vi' du ha for ei, sa Husåsen,
ei ali med tobak, sa Luråsen.
Det var gampe verd, sa Husåsen.

JE VEIT EI VAKKER JENTE

1) Je veit ei vakker jente,
ja  je kjenner a så væl,
je veit ei vakker jente nord i skoga;
raue roser, auer blå,
runne kjaker, hender små,
je veit ei vakker jente nord i skoga.

2) Å langt te skogs ved blomstertjenna,
langt, ja langt te skogs,
der talatrosten signer så om kvelden,
på sætervangen stog
ei vakker jente glad og log,
før stras austa tjenna, der gjekk losen.

3) Å rau og rund gjekk sola
bakom åsom ner i vest,
så mørkt, ja så mørkt det vart i skoga.
På sætervangen ga
ei vakker jente bort sitt ja - 
je har en vakker kjærest nord i skoga.

 

JENTELOKKEN

1) Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få danse.
Danse opp og danse ned i raude lyngen under himla høge tre.
Danse vill og danse varm. Å kjære gje meg ein mazurka
.

 

2) Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få ta meg.
Ta meg opp og ta meg ned ned i raude lyngen under himla høge tre.
Ta meg vill og ta meg  varm. Å kjære gje meg ein mazurka.

 

KATTA RODD

Katta rodd så lang ein fjor
i så stærkje vinnja
oinna omn og innjpoinn bor
det rauk tå kvar ein tinnja
Katta va grå med fire fota på,
og rompa va deinn femte
.

 

KJÆRE DU MI RANDI


1) Kjære du mi Randi kom hit lite granne
du er den venaste jenta je' veit.
Itte ska' je slå deg å itte bedra deg,
snill ska' je væra kvar einaste dag.
Snill ska' je væra kvar einaste dag,
koke og steike og laga tel mat.

2) Trur du da Tørkjell at nokon vil ha deg
sliken en stygging og leiing som du.
Trur du at je' tel en bytting vil gje meg,
som itte har hverken hus eller gård.
Med så stygge legger og krokute lår,
kølsvarte auer og måsagrått hår.

3) Kjære du mi Randi forhast deg nå itte,
sjå på deg sjøl før du skjeller ut meg.
Sjå på de trevlene som henger nedom skjørtet,
sjå på ditt belte som sidt henger ned.
Nei, sop du og fei og gjør reint for di dør,
sia kan du skjelle ut din venn som du gjør.

4) Nei, før enn je' soper og feier før deg Tørkjell,
vil du itte inn kan du utafor stå.
Vil du itte sjå på de trevlene som henger
nedanfør skjørtet, så kast aua frå.
Vel kan det hende at mitt belte henger ned,
men buksa den slenger sosm en sekk om dine kne.

5) Kjære du min Tørkjell kom hit lite granne,
du er den venaste guten je' veit.
Så ska' vi steike oss litt flesk uti panne,
laga te' mølje og den ska' bli feit.
Her ska' vi leva i fred og i ro,
og vi ska' nok få det så hyggelig vi to.

 

KAKELINNA

1) Eg var liten loddseljar
kom inn på Søre Jorde,
skjønar 'kje no at eg torde.
Komen innom døraglytten
drog dei meg innåt bordet,
gamla kom med traktement:

2) Gamla sto og truga meg te
tøyge ut magamålet,
under kva vomba kan tåle.
Straks eg åt eit romebrød
la ho fram eit nytt på skåle,
nytta ikkje takke nei.

- Lefse, lompe stompe, dompe, snippe, snuppe, honningkake

duppa i sukker og lake.
Skrylla mi er feit og god,
ei krommelkake må du smake.
Et meire biteti!

3) Magen tok te vrenge seg
og verke, eg gret meg sinna,
ingenting beit på vertinna.
Heten steig, i buksa blei det
reinaste kakelinna,
i den søte juletid.

 

4) Gamla Søre Jorde kjøpte
ikkje noko lodd, for gjesten
rømte på ullsokkelesten.
Rømte heim med 24
uselde lodd bak vesten
i kransekakelotteri.

MITT BU MIN KEISARDOM

1) Mitt bu min heim min keisardom, mitt rike her på jord;
det ligg så longt og trygt og godt imellom fjell og fjord.
Den vesle slåtteteigen som der under lia låg,
han lyser som ein herreheim, den venaste du såg.
Der gyller det og angar det av bær og blad og blom:
Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom.

 

2) Når bekken tek på tralla så at elvi går i dur
og talatrosten fløyter så det syng i li og ur,
og blom i bakken blikkar med sin liljeblom på voll
og soli sender strålegull som gyllar tun og koll,
då kved eg kaut og kongeleg til all den låt og ljom:
Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom.

 

3) Mi kone ho er dronning, ja ei keisarinne fin,
ho bryggjar og ho bakar og ho spinn sitt eige lin,
og ved sitt bord der benkjer ho så gild ein barneflokk,
og fjong og fri ho svingar foruten terne, kokk.
Ja, kona mi er dronning, for ho fylla kan sitt rom!
Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom.

 

7) Med Solveig sat og venta der i stova under lid
Peer Gynt han for på videvank og vingla bort si tid.
Å, verdi var så vakker der ute i det blå...
Men under fjell der Solveig sat var venare endå.
Der Solveig sit og ventar deg du finn ditt rette rom.
Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom.

 

Anders Underdal

OPPI HALLINGDAL

1) Å hadde eg meg ei fingerbør malt

og dertil eit nataskal humle,

så sille eg bryggje det ølet så sterkt

at femten mann sille tumle.

2) Å hadde eg meg eit pannkak-lass

og det var klingande føre

så sille eg reise til Hallingdal

og spenne sju kjerringar fyre.

 

Refreng: Oppi Hallingdal,

 oppi Triumslått

der bur ein mann

  som vil gjera godt

med surt øl

 ig ned røykja kjøt

om han hev det.

 

3) Å ikkje kan det vera vere til

enn ein forrasande bonde.

Med hovudet opp og beina ned

han ber seg verr' enn den vonde.

SIRI-VISA

1) Eg fekk i hug å gå te Siri, Siri
og fretta om ho ville bli mi, bli mi.
Men då eg kom på himlaleite, leite , leite
eg sto forsjodla der og sveitta, sveitta.

2) Eg sette meg på bjørkestubben, stubben,
og såg så longleg bort i Sørliklubben.
Då kom ho Siri meg i syne, syne, syne
ho steig så snøgt og lett som lyne, lyne.

3) Så klår i augo som ei svala, svala.
Så ven som solå når ho dala, dala.
Så kvit og fin som snø på skogen, skogen, skogen,
når greinå henger tung og bogen, bogen
.

SKREDDARSVEINEN

1) Det var ein gong ein skreddarsvein
med hanskar og flossehatt,
som gjekk til ei jomfru på hanebein
kvar evige laurdagsnatt.

2) Om dagen sat han med saks og nål
og bia på neste helg
til dess han vart grann som eit alnemål
og skrinn som ein gamal belg.

3) Og når han omsider til laurdags vann,
då stod han i all sin stas,
og kasta med småstein så sveiten rann,
på jenta sitt kammersglas.

4) Men skreddaren, stakkar, vart slegen ut,
og jaga på dør som ein hund,
og det av ein diger skomakargut,
på atten bismarpund.

5) Og det var den vesle skreddarsvein,
han visste seg inga råd,
han hengde seg på ei bjørkegrein,
i trilagd snelletråd.

 

SPORVEN

1) Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå

Og hev så god ein une og lær åt katten grå.

Pip, pip, det so seg lagar alle dagar

at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få.

 

2) Eg er so lett på vengjen, og Mons må sleikja seg om trut;

kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk so mang ei sut.

Og om i vide ringar hauken svingar,

eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut.

3) Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja!

kvar dag eg fær min mette som eg det best vil ha.

Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa!

der ligg den rike grøda der kan eg berre ta.

 

4) Og tidt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy,

og frys eg hev eg skjol i det gode varme høy.

Og so - kvit-kvitt, godmår'n! so kjem våren, so kjem våren,

då fri på vengjen boren eg byggjer reir på øy.

 

UNG ÅSLAUG

1) Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog so tirøygd, frisk og raud,
ho tykte mest, atalle gret, der som ho gleda baud.

2) Kva er det vel dei syta for i verdi vid og stor?
når soli skin, og hjarta brenn, og kjærleiken fær ord.

3) Då kom eit bod at hennar mor låg sjuk og måtte døy,
då kom eit bod, at hennar ven hev fest ei onnor møy.

4) Ung Åslaug vart so underleg, ho tagde reint den kveld,
for noko bort frå hjarta fraus, endå det brann som eld.

5) Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog, så tårøygd og so raud,
ho tykte mest, at alle log, der som ho sorgi baud.

6) Kva er det vel dei fagnast ved i verdi vid og stor?
når soli brenn, men hjarta frys, og kjærleik bert er ord.

VESLE LERKA

1 ) Og vesle lerka, ho hev det so,
at finn ho ein tuve-topp fri fyr snjo,
so kved ho i med sin gladaste song
- so trur ho på vår med ein einaste gong.
- Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

 

3) Og lyngtuva, det er lerka sitt fat.
Der set ho seg ned , og so fær ho seg mat.
Og når ho er mett, ho takkaar so glad
Vårherre for maten med kvitter og kvad.
- Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

 

2) Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ei solstråle so ver ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
Til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
- Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

 

4) Gud signe deg! du er fuglen min, du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i sol-tru å kveda med deg:
- Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

 

Å, VESLE KARI VÅR

Å, vesle Kari vår, så lita som hu går,
Hu lokka ein kar ifrå Hallingdal

Med sale og med hest
og med sylvknappa vest.
Med gullstava hår og med sprotabelte på.
Å, teleguten visste sitt eige beste,
Kaupte seg ei drift med fe og med heste.

Føre kom Kari lullands og lokkands,
Etter kom teleguten diltands
og hoppands på silkesokka.